Girls Day in Tech

Gjennom Girls Day in Tech inviterer vi jenter som tek T-matte på vidaregåande skule til å møte teknologibedrifter for lære om kva dei gjer og kva dei jobbar med.

Nsr no gdit2

Jentene får møte kvinnelege rollemodellar og prøve seg på koding og praktiske oppgåver som viser døme på korleis ein brukar realfag og teknologi i arbeidslivet.

Girls Day in Tech er eit samarbeidsprosjekt med Microsoft, og piloten vart gjennomført våren 2019 i Microsofts lokale i Oslo. Dagen fekk veldig gode tilbakemeldingar og målet er at dette skal bli eit landsdekkjande arrangement ila 2020.

Girls Day in Tech rettar seg mot jenter som tek T-matte på vidaregåande skule. Samanliknar vi talet elevar som tek T-matte i fyrsteklasse på vidaregåande skule med talet som går vidare med R-matte på VG2 og VG3, ser vi ein stor dropp, spesielt blant jentene. Mange elevar veit ikkje kva ein kan bruke realfaga til etter skulen og mange jenter tror at utdanningar innan realfag og teknologi passar best for gutar. Målet med Girls Day in Tech er derfor å inspirere fleire jenter til å gå vidare med R-matte ved å vise fram jobbmoglegheitene som finst når ein velger ei realfagleg eller teknologisk utdanning.

Vi veit at når elevane får prøve seg på praktiske oppgåver og sjå nytten av faga, så auker interesse og motivasjon for faget. Derfor er det viktig at elevane ikkje berre får høyre presentasjonar av rollemodellane, men at dei også får prøve og teste sjølv. Rollemodellane er heile tida til stades for å hjelpe til og snakke med jentene.

For at jentene skal føle fagleg tryggleik i R1 får alle tilbod om å delta på ENT3R realfagstrening. Der får dei leksehjelp kvar veke av mentorar som studerer realfag.

Om du vil vite meir om arrangementet, eller har lyst til arrangere GDIT i din by, ta gjerne kontakt.