Mandat

Mandat for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering
Fastsett av Kunnskapsdepartementet, revidert pr 24.08.07.

Tildelingbrev NSR 2016

Mandat

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, er direkte underlagt Kunnskapsdepartementet, Universitets- og høgskuleavdelinga i alle faglege spørsmål. Senteret er organisert som ei eiga eining i tilknyting til NTNU, i samsvar med § 1-4 i Lov om universitet og høgskular.

Senteret skal i samarbeid med arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane bidra til å styrke stillinga til dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga (MNT-faga) i samfunnet. I arbeidet skal det leggast vekt på tiltak som betrar rekrutteringssituasjonen til studium innanfor MNT, både på kort og lang sikt. Senteret skal spesielt arbeide for å auke talet på kvinner innan MNT-retta studium og yrke.

Den primære oppgåva for senteret er å medverke til god rekruttering til aktuelle studium og få fleire jenter til å velje realfag. Senteret skal bidra til å auke den direkte kontakten mellom arbeidslivet og utdanningssektoren på sentralt og regionalt nivå. Samarbeidet skal vera tiltaksretta og ha som mål å dekke behovet for MNT-kompetanse i samfunnet og arbeidslivet – både på kort og lang sikt. Senteret skal bidra til å samle og vidareformidle erfaringar mellom aktørane og sørgje for å spreie informasjon om kor viktige MNT-faga er for samfunns- og velstandsutviklinga. Ungdom under utdanning er primærmålgruppa for senteret si verksemd.

Kunnskapsdepartementet sin Strategi for styrking av realfaga dannar basis for verksemda til senteret.

Presisering

1. Senteret skal vera eit nasjonalt kompetansesenter for kontakt mellom arbeidslivet og heile utdanningssektoren – frå grunnskule til høgare utdanning.

Senteret skal:

Bygge opp eit kontaktnettverk av ressurspersonar innan skule, høgare utdanning og næringsliv for å kunne fange opp behov i arbeidslivet, for å kunne hjelpe skular og utdanningsinstitusjonar med kompetanse, og bidra til utvikling og betre koordinering av rekrutteringstiltak.

Samarbeide tett med utdanningsmyndigheiter, utdanningsinstitusjonar og næringslivet for å betre koordineringa av informasjonsverksemda retta mot skuleverket og elevar og studiesøkande ungdom og vaksne generelt.

Utvikle regionale informasjonsnettverk med deltakarar frå utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv for å informere og motivere elevar til studieval innan matematikk, naturvitskap og teknologi, og dei yrke desse utdanningane leier fram til. Det skal spesielt arbeidast for å knyte kvinnelege rollemodellar til desse nettverka.

Prøve å bygge opp ein «best practice»-kompetanse og gi råd til institusjonar og arbeidsliv om kva tiltak som ser ut til å ha god effekt, og kva tiltak som ikkje har det.

Ha ansvar for at det blir arrangert ein årleg, nasjonal konferanse om MNT-faga og rekrutteringsspørsmål i samarbeid med andre institusjonar, organisasjonar og føretak.

Gje innspel og vurdere moglege fellestiltak med aktivitetar i regi av Forum for kompetanse og arbeidsliv. Dette skal skje via sekretærane i forumet, organisert som del av Vaksenopplæringsinstituttet (VOX).

 

2. Senteret skal legge vekt på å utvikle og spreie relevant informasjon til elevar, rådgjevarar og føresette på nettet, gjennom å delta på utdanningsmesser, rådgjevarsamlingar og liknande.

Som ein del av dette arbeidet skal senteret sørgje for nødvendig oppdatering av aktuelle nettstader som gir råd om studieval og framtidige yrkesval og råd om ulike rekrutteringsfremmande tiltak.

3. Senteret skal fungere som ein felles møteplass og vera ein nasjonal «paraply» for tiltak som blir starta opp for å styrke stillinga til MNT-faga i samfunnet.

Denne koordineringa skal bidra til auka ressurstilgang til rekrutteringsarbeid generelt, god ressursutnytting og det å vera synleg.

4. Senteret skal kunne koordinere tiltak og aktivitetar for å betre rekrutteringa til spesielt utsette MNT-studium.

Over tid vil det kunne oppstå behov for ekstraordinære tiltak for å betre rekrutteringa til spesielle studium for å dekke kompetansebehovet i arbeidslivet. Senteret skal kunne ta på seg å gjennomføre slike tiltak etter samråd med departementet eller som oppdrag frå arbeidslivet.

5. Samarbeidsrelasjonar og avgrensingar til senteret

Senteret skal legge til rette for auka samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningssektoren. For å oppnå gode, heilskaplege løysingar blir det forventa at senteret samarbeider med andre statlege organ som arbeider med liknande problemstillingar. Dei mest sentrale i denne samanhengen vil vera Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa, Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa, Utdanningsdirektoratet, Forskingsrådet og VOX. Eit slikt samarbeid skal også bidra til å unngå overlapping og dobbeltarbeid.

Senteret skal i samarbeid med dei andre sentra ha ei pådrivar- og utviklarrolle, også i faglege spørsmål. Senteret skal ikkje vera ansvarleg for drift av reint faglege aktivitetar.

6. Senteret sitt likestillingsperspektiv

Innan dei fleste MNT-relevante studium og yrke er kvinner sterkt underrepresenterte. Senteret skal difor legge eit likestillingsperspektiv til grunn, og starte opp tiltak for å oppnå ein større grad av likevekt mellom kjønna.

Del dette: