Vi treng sterkare søkjartall til IKT, realfag og teknologi

I år er det 7,5 prosent færre søkere til de klassiske ingeniørutdanningene, og antall søkere til realfag går ned med 0,4 prosent.

Nyheter


I førre veke vart søkjartala til høgare utdanning lagt fram. Sjølv om nokon teknologifag har fått fleire søkjarar, viser tala til Samordna Opptak at dei tradisjonelle ingeniørstudia sliter. Under årets søkjeprosess har for eksempel informasjonsteknologiske fag hatt ei auke på 30,7 prosent. Det er veldig bra. Samstundes er det 7,5 prosent færre søkjarar til dei klassiske ingeniørutdanningane, og talet på søkjarar til realfag går ned med 0,4 prosent.

På Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har vi lenge jobba for at fleire jenter skal søkje seg til ingeniør-, teknologi og realfagsstudiar. Derfor er det gledeleg at over halvparten av søkjarane til realfagsstudia er jenter. Men det er fortsatt ein lang veg å gå for å oppnå god kjønnsbalanse innanfor dei viktigaste faga for framtida. Blant søkjarane til ingeniørstudia er berre 17,1 prosent jenter. Meir enn tre fjerdedelar av dei som har informasjonsteknologiske fag som førsteval er gutar. Og berre 30,5 prosent av søkjarane til sivilingeniørprogramma er jenter.

For å skape arbeidsplassar og verdiskaping i framtida, er vi heilt avhengige av at fleire vil jobbe med IKT, realfag og teknologi. Men det er ikkje nok at gutane søkjer seg til desse studia. Også jentene må på banen dersom Norge skal bli ein leiande realfags- og teknologinasjon.

Del dette:



: 27. april 2017