ent3relever og mentor samtaler over oppgave

Matematikk som lagidrett

Nyheter


Kronikk av Borghild Lundeby, leder Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, og Lovise Landsem, prosjektleder Ent3r

200 dugelege mattestudentar rundt om på universitet og høgskular i Noreg gjev leksehjelp til ungdom – som får auka meistring, sjølvtillit, og betre karakterar. Og alt er gratis for elevane.

Mattestudentane er mentorar for 2000 elevar i alderen 15-18 . Elevane stiller på ettermiddagstid, kvar veke, heilt frivillig. Nokon av elevane kjem med ganske liten matematisk ballast, andre brenn etter å strekkja seg forbi pensum. Alle får dei både inspirasjon, hjelp og trygd på akkurat det nivået dei sjølv er på.

ent3relev og mentor samtaler over oppgaveMatematikk vert ofte omtalt som eit problem. PISA-undersøkingane viser at mange slit med matematikken, og tiltaka i skulen for å betre matteresultata er mange. I påvente av at tiltaka skal ha merkbar effekt er det stadig fleire foreldre som vel å leiga inn hjelp til borna sine. Dette kostar både for familiane og for samfunnet. Det er eit offentleg ansvar å leggja til rette for at borna skal læra det dei treng. Prosjektet Ent3r er eit samarbeid mellom Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Matematikksenteret, Tekna og NHO, betald av Kunnskapsdepartementet. Dette tilbodet er gratis for elevane.

Kvalitetssikra mentorar – nært i alder

Det er ikkje kven som helst som kan få lov til å verta mentor. Du må sjølvsagt vera fagleg god i matematikk, og elska realfaga, slik at du kan formidla den rette haldninga til faga. Mentorane må vera opne personar som har lett for å kommunisera med ungdom. elever får hjelp av ent3rmentorKunnskapsministeren har sagt: «Dykk treffer dei betre, for de er nærare i alder og både skjønar og kan lettare skapa kontakt med elevane. Det dykk gjer i skulen er viktig for dykk, for elevane og for samfunnet..»

Mentorane vert kursa i ein bestemd måte å undervisa matematikk på, som er utvikla ved Matematikksenteret. Dei lærer spesifikke metodar for korleis dei best mogleg kan hjelpa elevane, og møta ulike behov for *æring, òg dei med matteangst. Dei lærer òg om det å vera rollemodell og mentor slik at dei kan forstå rolla si overfor elevane godt.

Pizza og Pythagoras

Ent3rsamlingane skal ikkje berre hjelpa ungdomen med matteleksene, men styrkja meistringsfølelsen og sjølvtillita til dei som deltek. Det er tydeleg at dei har treft den rette oppskrifta. Her er det ikkje ein-til-ei undervising som er kjernepunktet, men heller det å kunna jobba delvis saman med andre, delvis åleine.

pizzaspising på ent3rsamlingDet er sosialt, og mentorane som driv det heile viser fram eksperiment, og trekkjer inn folk frå arbeidslivet som kan fortelja om jobben sin – kva ein verta viss ein går i realfaglig retning. Innimellom kosar dei seg med pizza. Det vert som ein klubb, matematikk som lagidrett. Det passar mange godt.

ent3relever jobber med fysikkprosjektNokre ENT3R-prosjekt tilbyr berre mattetrening, medan andre stadar tilbyr òg fysikk og kjemi. Då må dette vera ein del av fagkretsen til studentane. Så må dei like å snakka om korleis dei sjølv har det på studia sine. Det gjer at elevane ikkje berre får økta ferdigheter i realfag, men òg auka ”valkompetanse”, innsikt i kva dei kan velja, alternativ som finst, når dei sjølv skal velja studieretning.

Ent3relever rundt stort arbeidsbord sett ovenfraDet at samlingane er lagt til eit universitets- eller høgskulecampus er eit medvite val. For mange elevar kan nok akademia verka som ein stor, uoversiktleg og framande verda. Samarbeid med studentar i eit triveleg miljø verkar tryggjande. Berre det å ha vore på ein stad kan gjera det lettare å sjå for seg at ein kan koma tilbake dit som student.

Utfordrar dei flinkaste – hevar dei på lågaste nivå

Av dei 8000 som har vore med på Ent3r er det ein overvekt av elevar med karakterar frå 4 og oppover. Elevar som ønskjer seg meir matematikk, forskjellig matematikk, djupare forståing og høve til å setja av fast tid for å jobba konsentrert. Mange elevar som har ynskt ”noko ekstra” har så langt valt å nytta Ent3r til dette. Dei kjem ikkje for å forbetra karakteren, men for å jobba med noko spennande.

ent3relever og mentor samtaler over oppgaveEnt3r er likevel ikkje eit tiltak berre for dei flinke. Mange synest realfaga er utfordrande og vil ha hjelp til leksar og eksamensførebuing. Felles for dei alle er at dei opplever at både meistringsfølelse og karakter aukar.

Utviding av Ent3r

Ent3r fungerer såpass bra at vi ser på høvet for å utvida tiltaket – både i retning yrkesfag, og lengre ned i skuleklassene. Hausten 2015 sat vi i gang ein pilot som vi kalla ENT3R mattekafé, i samarbeid med Olav Duun vidaregåande skule i Namsos i Nord-Trøndelag. Her fungerer det sånn at elevar på VG2 er mentorar for elevar på VG1 . Dei litt eldre elevane hjelper dei litt yngre. Prinsippet er det same som for student-ENT3R. Alle som vil er velkomen til å delta – uansett meistringsnivå og mattefag (såkalla T-matte eller  P-matte). Mattekafe føregår i fritimane til skulen, og elevane som deltek får servert lite mat, kaffi og te.

På mattekaféen på Namsos er røynsla at dei som slit mest har hatt enormt utbytte. Ein av elevane løfta seg frå å liggja på stryk i matematikk til å oppnå ståkarakteren 2 etter å ha delteke nokre få veker. Det høyrest kanskje ikkje så enormt ut, men skilnaden på stryk og stå tyder både noko for vitnemålet og noko for motivasjon til å halda fram å jobba. Eleven følar seg ikkje lenger håplaus, men kjenner at òg han kan klara det med rett hjelp og innsats.

Elever på Ent3råprosjektet jobber praktisk sammenEnt3r er ikkje vanlege mattetimar, det er ei sosial gruppeoppleving og det er viktig for meistring og prestasjon. For å si det som Martin Johnsrud Sundby: «Laget tyder alt, det er dei som pusher meg og det er dei som inspirerer meg til å trena vidare. Det er avgjerande for at eg kan vinna».

FAKTUM: Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har drive Ent3r sidan 2010 . Det er eit rekrutteringstiltak, der målet er å hjelpa ungdom både med ferdigheter, sjølvtillit og valkompetanse – innsikt i høva relfagene opnar for. To av tre elevar er jenter.

Ent3r realfagtrening har no vore i drift i fem år. Tilbodet finst i tilknyting til ulike universitet og høgskular rundt om i Noreg, i alt 18 stadar.

Ent3r er eit samarbeid mellom Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, Matematikksenteret, Tekna og NHO, betald av Kunnskapsdepartementet.

Del dette:



: 15. januar 2016