Gratulerer med valsigeren – vi ser fram til vidare realfagleg satsing


Natt til i dag vart det klart at Erna Solberg og den borgarlege regjeringa får fire nye år. I løpet av den siste fireårsperioden har Regjeringa vedtatt og sett i gang mange gode tiltak for å auke realfagskompetansen i samfunnet.

For to år sidan la Regjeringa fram realfagsstrategien for 2015-2019. Målet med strategien er å forbetre barn og unges kompetanse i realfag og teknologi, hjelpe dei barna som slit med realfaga, leggje til rette for at fleire kan prestere på høgt nivå, og styrke realfagskompetansen blant lærarane.

Betre realfagskompetanse krev permanente ordningar

Fleire gode tiltak er vedtatt og sett i gang i løpet av den siste regjeringsperioden. For å auke barn og unges kompetanse i realfag og teknologi, har Kunnskapsdepartementet mellom anna innført fordjuping i matematikk som valfag på ungdomsskulen, gitt elevane på 5. til 7. trinn ein ekstra naturfagstime, og starta eit forsøksprosjekt med programmering som valfag på ungdomsskulen. Det er bra at timeplanane har blitt meir retta mot realfag, og mange skuleelevar har fått glede av å ha meir matematikk, naturfag og programmering. Det blir viktig at politikarane held fram med å prioritere realfaga og det er svært positivt at alle ungdomsskular som ønskjer det no kan tilby programmering som valfag.

Alle skal få moglegheit til å meistre realfag

Alle elevar er forskjellige. Derfor er det heilt naturleg at dei meistrar realfag på ulikt nivå.

Departementet har gjort fleire grep for å løfte dei elevane som treng ekstra støtte. Fleire lærarar skal inn på 1.- 4.trinn for å styrke innsatsen tidleg. Eit nytt fordjupingsfag i matematikk er innført på ungdomsskulen, slik at elevar som ønskjer det kan få ekstra undervisning. Alle skal få moglegheit til å meistre realfag i åra som kjem,  men det føreset at politikarane følgjer opp skulane og sørger for at dei gode tiltaka når heilt fram til elevane.

Rekruttering krev kontinuerleg arbeid

Departementet har også gjennomført fleire tiltak for at fleire skal motiverast og inspirerast til å velje realfag. For eksempel er det innført pilotordningar med talentsentre ved fire forskjellige vitensenter. ENT3R-programmet har fleire stader i landet rekordhøge påmeldingstal denne hausten, og i 2016 fekk meir enn 30.000 elevar besøk på skulen av ein realfagleg rollemodell. Med slike tiltak er det lettare å sjå mogelegheitene som realfaga gir, og elevane kan få eit innblikk i ein studie- eller arbeidskvardag med realfag.

Det å fortelje om, og vise fram, utdannings- og yrkesmoglegheitene innanfor realfag er eit kontinuerleg arbeid som må intensiverast kvar gong eit nytt kull tek fatt på skulegangen. Derfor må politikarane ha rekruttering til realfag og teknologi høgt på dagsorden også i dei neste fire åra.

Realfagssatsing i høgare utdanning

Målet må vere at Noreg skal hevde seg internasjonalt og bli ein realfagsnasjon. Då må vi utdanne fleire innanfor realfag og teknologi – også på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. I dag utdannar vi berre 30 prosent av behovet innanfor IKT-yrkene. Med bakgrunn i dette har vi stor tru på at regjeringa vil utvide sitt engasjement for realfag og teknologi til også å gjelde UH-sektoren i  større grad. Høgre har sagt at dei vil prioritere fleire studieplassar innanfor digitalisering, informasjonsteknologi og andre IKT-fag. Det krev vilje og finansiering frå politisk hold. Det er gledeleg at regjeringa satsar på kvalitet i utdanninga og vi ser fram til ei vidareføring av dette slik at fleire realfagstudentar gjennomfører sine studiar og kan bidra med verdifull kompetanse i arbeidslivet.

Hilde Færevik
Leiar, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, NSR

Del dette:



: 12. september 2017