For få kvinnelege toppforskarar


Ei fantastisk veke med Starmus er over. Men festivalen vert avslutta med ein bismak. Dei svært få kvinnene på scenen avslørar at vi har eit stykke igjen til kjønnsbalanse i forskinga. Kvifor vart så få kvinnelege forskarar vist fram? Kva gjer at så få kvinner når forskingstoppen?

Likestillingens land

OECD tilstandsrapport for forsking og høgare utdanning i 2017 viser at 61 prosent av dei som uteksaminerast med doktorgrad frå universitet og høgskular i Noreg er kvinner. Sjølv om kvinneandelen i faglege toppstillingar aukar med eitt prosentpoeng i år er det fortsatt langt igjen. I teknologiske fag er under ein tredjedel av fast vitskapeleg personell kvinner.

Ein konsekvens av dette er at vi ikkje får fram nok kvinnelege toppforskarar i Noreg. Det trass i at vi i likestillingens land har gode arbeidstidsordningar og permisjonar. Er det kombinasjonen familie, barn og ein heiltidsforskarkarriere som er utslagsgivande? Er ein forskarkarriere lite attraktiv samanlikna med andre karriereval? Eller er det slik at dei kommande forskartalenta ikkje har nok tru på eigne ferdigheiter?

Rollemodellar

Ser vi til yngre generasjonar kan svaret liggje i nettopp trua på eigne ferdigheiter. Årets PISA- undersøking viste at jenter i ungdomsskulen rangerer sin innsats dårlegare enn gutar, sjølv om dei har like gode karakterar. Fleire forskingsrapportar peikar på at kuren for manglande sjølvtillit ligg i møte med ein rollemodell. Når Starmus byr på eit møte med May Brit Moser er det derfor positivt. Ho er rollemodell for unge jenter, men er dessverre veldig aleine.

Tiltak som Starmus Science Camp, Forskerfabrikken, Talentsatsning, Girl Tech Fest og Jentekoding er alle effektfulle møteplassar fordi ein i tidleg alder får treffe kvinnelege førebilete. Rollemodellane bidrar til å få fleire jenter inn i naturvitskapelege og teknologiske fag, og inspirerer dermed også til ein forskarkarriere. Men kva skjer på vegen vidare, kvifor er det fortsatt ein så stor mannsdominans i forskingsfronten?

Å formidle forsking

I forsking jobbar ein med samansette problemstillingar. Teamarbeid er nødvendig for å lykkast. Studiar har vist at kvinner har større vilje, evne og lyst til å jobbe i fellesskap og publisere kollektivt. Professoren, oftast ein mann, blir fanebæraren når resultat skal kommuniserast. Gruppa som utfører forskinga og som har idéane, blir da omtalt som hans forskarteam.

Det å kunne overgi seg, leggje inn demparar i språket, kommunisere heller med spørsmål og undring enn skråsikkerheit og veto, karakteriserer åtferda i eit velfungerande kollektiv. Når forskinga i neste omgang skal få merksemd og plass i nyheitsbiletet, er denne forma for verdiar og oppførsel ikkje produktiv. Då trengs det ofte ein person med status, pondus og sjølvtillit til å forenkle og spissformulere. Når forskinga skal formidlast kan det å ha stått litt utanfor sjølve arbeidet, og slik mangle noko av alle atterhald og detaljkunnskap om dei fortsatt uløyste problemstillingar innanfor emnet, gjere det lettare å svare forenkla. Og vise til kva desse funn kan peike mot av framtidige nyvinningar og løysingar.

Karriere eller familie?

Det er svært få som er født geni frå naturen si side. Det som gjerne skil dei beste forskarane frå dei middelmåtige er mot, trua på eigne evner og drivkraft til å gjennomføre. Det krev også ein arbeidsinnsats som kan gå på kostnad av andre aktivitetar. May Britt Moser har sjølv uttalt at det var liten oppfølging på typiske fritidsaktivitetar for barna. Dei var med på laboratoriet. Min påstand er at mange kvinnelege talentfulle forskarar prioriterer annleis i denne fasen av livet. Skal vi få fram fleire kvinnelege toppforskarar vert det kravd fortsatt tilrettelegging i arbeidslivet. Men vi treng også fleire kvinner som tør å tenkje utradisjonelt, som har mot til å stå fram som leiar og frontfigur for forskinga. Det krev også akademisk toppleiing som heier fram kvinnelege talentar og gir dei trua på seg sjølv.

Hilde Færevik,
Leiar ved Nasjonalt senter for realfagsrekruttering

Del dette:



: 2. juli 2017