ENT3R og PISA-undersøkelsen

Les Sigrid Rønnebergs innlegg om hvordan ENT3R jobber for realfagene.

Nyheter


«Eg har mange elevar i mentortimane som sit med oppgåver lenge etter at eg sjølv ville ha gitt opp»

Namnet mitt er Sigrid Rønneberg, eg er 22 år, studerer fysikk og matematikk på NTNU og jobbar i ENT3R Trondheim, som mentor og som medlem av leiargruppa.

Denne veka fekk vi resultata frå PISA-undersøkinga, og dei kan verke nedslåande. Media er full av kritikk, og politikarar argumenterer for ulike syn. Eg har lese gjennom nokre av artiklane og kronikkane, og har lyst til å dele mine eigne synspunkt rundt nokre av utsegnene, og korleis vi i ENT3R gjer eit arbeid for å snu utviklinga.

Studentane kan forklare ting på ein ny måte

ENT3R er eit studentdrive nasjonalt prosjekt for realfagsmotivasjon, som blir drive av Nasjonalt Senter for Realfagsrekruttering, og som no finst på 17 ulike utdanningsinstitusjonar i Noreg. Vi tilset realfags- og teknologistudentar som mentorar for ei fast gruppe elevar i 10. trinn eller på vidaregåande, og desse gruppene møtest kvar veke til same tid på eit fast rom på universitetet eller høgskulen. Som mentor har du ein rolle mellom ven og lærar, og er derfor i ein unik posisjon for å hjelpe elevane å finne ut kva dei vil, og å vise at dei som studerer realfag ikkje passar inn i stereotypiane, og at det ikkje er så vanskeleg som dei trur. Elevane kjem tett innpå ein studentkvardag, og får moglegheit til å spørje om kva dei vil. Vi som studentar har kanskje ein ny måte å forklare ting på, og slikkan dei også forstå faglege problem som dei ikkje har fått forklart i klassen.

Det å få jobbe med ungdom og følge dei gjennom eit år, er ei helt spesiell oppleving. I ENT3R får eg moglegheit til å vise dei som kjem, det eg drivi med, kva eg studerer og kvifor, og eg har påverknad på kva elevane tenker om realfag. Vi treng fleire ingeniørar, og eg gjer eit viktig arbeid for å få til dette.

Det tala viser er at ein av fire, nesten faktisk ein av fem elevar, ligg under kritisk nivå i matematikk. – Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsminister (H) Sjå klippet her >

ENT3R er realfagstrening og inspirasjon

De siste dagane har videoar av kunnskapsminister Thorbjørn Røe Isaksen som reknar feil i brøk, florert på internett og sosiale medium. Dette er eit godt eksempel på kvifor ENT3R vart oppretta i 2010. Da, som no, treng vi fleire elevar og studentar innan realfaga, og elevar som får augo opp for kor spennande det er å jobbe med naturvitskap og matematikk.

Alle elevar har krav på individuelt tilpassa læring, også dei flinkaste. Vi må ikkje gløyme dei. – Trond Markussen, President NITO.
Les artikkelen i TU her >

PISA-undersøkinga slår fast at talet på flinke norske skuleelevar er mindre enn i andre land. Trond Markussen er bekymra, og meiner at dei flinke elevane fell ut av skulen. ENT3R er eit flott tilbod for dei som vil ha meir realfag enn det dei får på skulen, eller som synest det er kjedeleg i timane og som vil ha meir utfordringar. Mentorane våre er engasjerte, og vil hjelpe kvar enkelt elev til å utforske det han eller ho synest er spennande i realfaga. Om det er sannsynlegheiter i poker, korleis ein fotball skrur i lufta (les Magnus-effekten) eller korleis du kan lage din eigen handkrem på kjøkkenet.

Skal du lære vekk matematikk, må du ha forstått det sjølv. – Erna Solberg, Statsminister (H)
Les artikkelen i Adressa her >.

Lærarane må få moglegheit til å tilpasse undervisinga

Både den raud-grøne regjeringa og den blå-blå regjeringa har stort fokus på lærarkvalitet, både med ny lærarutdanning og med etterutdanning av lærarar som er ferdigutdanna. Dei er ute etter lærarar med engasjement og kunnskap, og kven er da betre enn realfags- og teknologistudentar på universitet og høgskular? I vår hadde vi 30 ledige mentor-stillingar som skulle fyllast, og vi fekk inn meir enn 200 søknader. Vi har høge krav om fag og krav om karakterar, og det er absolutt ikkje noko problem å finne kvalifiserte søkarar. Frå desse plukka vi ut dei mest engasjerte, og eg håpar nokre av oss startar i skulen etter avslutta utdanning. Eg trur studentar med erfaring frå ENT3R hadde vore ein flott ressurs i norsk skule.

Undersøkinga peiker på den indre motivasjonen. Han er kanskje ikkje god nok hos alle elevane. Vi må gi lærarane moglegheit til å tilpasse undervisinga, slik at elevane kan få oppleva gleda ved faget. – Steffen Handal, nestleiar i Utdanningsforbundet.
Sjå artikkelen på nrk.no her >

PISA-undersøkinga seier også at elevar i norsk skule ikkje jobbar med oppgåver dei synest er vanskelege, og gir opp tidlegare enn elevar i andre land. Dette er ikkje erfaringa mi. Eg har mange elevar i mentortimane mine som sit med oppgåver lenge etter at eg ville ha gitt opp, og som nektar å få høyre svaret. Dei vil nemleg løyse oppgåvene sjølv, og det er ikkje alltid like lett. Eg trur ikkje vi har problem med at elevane er late eller at lærarane er dårlege, eg trur berre at det er vanskeleg å klare å sjå alle elevar, slik dei bør sjåast i skulen. Men det er derfor vi har tiltak som for eksempel ENT3R.

Så bruk oss for alt vi er verdt! Vi er her, og vi vel å bruke tida vår på dette fordi vi meiner det er viktig, fordi vi brenn for å vise engasjement for realfag, og fordi vi ønsker å bringe dette vidare. Meld deg på, møt opp i mentortimane og ta kontakt om du lurer på noko. Kva som helst. Vi er her for å hjelpe.

Om tre år kjem ei ny PISA-undersøking. Ny sjanse, nye moglegheiter.

Sigrid Rønneberg

Mentor og arrangementsansvarleg, ENT3R Trondheim

Del dette:



: 6. desember 2013