Digitaliseringa aukar bedriftene sitt behov for ingeniørar


NHO la i dag fram årets Kompetansebarometer, og det er tre tydelege hovudfunn som presenterast. Næringslivet etterspør fagarbeidarar og handverkarar, vi treng fleire ingeniørar og teknologar, og ein ser eit behov for kompetanse innan samfunnsfag, juridiske fag og økonomi.

Så mange som 46% av dei spurte NHO-bedriftene, oppgir at dei i stor eller nokon grad vil ha behov for tilsette innanfor ingeniør- og tekniske fag. Høgast er denne andelen innan bedrifter som er tilknytt Energi Norge og Norsk olje og gass. Med stigande oljepris og lysare tider i sistnemnte bransje, stig etterspurnaden etter oljeingeniørar igjen. Høg er også andelen som oppgir eit behov for tilsette med matematikk og naturvitskapeleg bakgrunn, så rapporten sår ingen tvil om behovet for realfagleg kompetanse dei neste åra.

”Realfagleg kompetanse og tverrfaglege team vil vere avgjerande for bedrifter si konkurransekraft framover, med tanke på dei raske endringane i behov og etterspurnad. Digitaliseringa stiller høge krav til spisskompetanse hos dei tilsette og evne til rask omstilling og livslang læring. Evna til å jobbe på tvers av fagområder blir kritisk for å drive rask produktutvikling”, kommenterer Hilde Færevik, leiar for Nasjonalt senter for realfagsrekruttering. ”I samsvar med tidlegare år, viser årets barometer at behovet for ingeniørar er størst innan elektro, bygg og maskin. Digitaliseringa dempar dessutan ikkje behovet for menneskeleg arbeidskraft, men aukar tvert om behovet for ingeniørar og personar med høgare utdanning og solid fagkompetanse.”

Torbjørn Røe Isaksen legg også vekt på etterspurnaden etter personar med yrkesfagutdanning, og ønskjer seg eit fagskuleløft. Fagskulekompetansen er tett kopla til næringslivets etterspurnad og skal få ein meir solid posisjon i det norske utdanningssystemet. Isaksen kommenterer også digitaliseringa, som han meiner vil påverke heile den globale økonomien framover. Han framhevar at UH-sektor og næringsliv må koplast tettare saman for å sikre at vi utdannar personar med riktig kompetanse. I tida framover vil dette krevje fleksibilitet både i utdanningssektor og næringsliv.

”Vi veit ikkje kva slags jobbar som eksisterer om 20 eller 40 år. Men ein god grunnkompetanse innan realfag og teknologi  saman med evne til omstilling og læring, vil utvilsamt vere nyttig når vi skal løyse framtidas samfunnsutfordringar,” avsluttar Hilde Færevik.

Les heile Kompetansebarometeret her >

Del dette:



: 29. august 2017