Velgriktig

Velgriktig.no er primært for ungdom som skal velje utdanning. Her finst informasjon om realfag i vidaregåande, opptakskrav til høgare utdanning innan realfag/teknologi, og realfaglege/teknologiske yrke. I tillegg kan du mellom anna også sjekke ut realfagsbloggen og ta utdanningstesten.

Utdanningstesten er eit refleksjonsverktøy utvikla for å vise ungdom moglegheitene som finst innan realfag og teknologi. Testen viser eit mangfald av realfagsområde som passar ulike typar menneske. Det er utvikla eit undervisningsopplegg for testen tilpassa kompetansemåla i faget utdanningsval i ungdomsskulen, men testen er også godt egna for elevar i vidaregåande skule.

Del dette: