asmira_2

Rollemodell

Lærarar kan bestille rollemodellar til skulebesøk

Kva gjer ein prosessingeniør? Treng vi matematikk når vi begynner å jobbe?

Rollemodellar inspirerer elevar til å velje realfag! Rollemodell.no presenterer personar med realfaglege utdanningar og yrke. Rollemodellane kan inviterast til skulebesøk for å fortelje om utdanning og jobb, og forklare korleis elevane kan bruke realfag i arbeidslivet.

Studentar og yrkesaktive kan registrere seg som rollemodellar på nettsida, og lærarane kan bestille skulebesøk til sin klasse.

Kvar enkelt rollemodell skriv om seg sjølv, eigen utdanning og jobb. På denne måten kan nettsida også brukast direkte i undervisninga ved at elevane går inn og les om ulike yrke og personar.

For å vere rollemodell er det krav om at ein er i gang med, eller har gjennomført, eit studium som krev minst to realfag frå vidaregåande skule (f.eks matematikk og kjemi), ved opptak.

Se www.rollemodell.no

Del dette: