1P8C8592Renatesenteret

Lyst til å bli mentor?

Mentorane og prosjektleiarane er det aller viktigaste med ENT3R. Det er mentorane som møter elevane kvar veke og trenar på realfag. Mentorane fortel elevane om studiet og studiestaden sin og gjer at det kanskje blir litt lettare for elevane å søkje det same seinare.

Mentorane er engasjerte og dyktige studentar innan realfag som trenar elevane i realfag på ein litt annan måte enn den vanlege klasseromsundervisninga. Mentortimane består av både felles undervisning og ein-til-ein hjelp og kvart semester vert det arrangert fleire elevkveldar der realfagsutdanna frå næringslivet fortel om jobben og utdanninga si.

Kva får du igjen for å vere mentor?

  • Eit lærerikt arbeidsmiljø med lønn på nivå med studentassistentane ved skulen
  • Kurs i det å vere rollemodell og realfagsmentor
  • Du får anledning til og erfaring med å undervise andre og å presentere for større grupper
  • Du får tilgang til eit fagleg fellesskap
  • Moglegheit til å treffe, og høyre presentasjonar frå realfagsutdanna i jobb
  • Attest som bekreftar at du har vore ENT3R-mentor i eitt år

 

Erfaringa som ENT3R-mentor eller prosjektleiar viser seg å vere verdifull når ein søkjer jobb. Mange tidligare mentorar fortel at store delar av jobbintervjuet handla om ENT3R og erfaringane derfrå. På den måten kan ENT3R vere svært relevant på CV’en.

Dersom du har lyst til å bli mentor kan du lese meir her

Del dette: