Arbeidsinstruks

For å sikre godt samarbeid mellom aktørane i ENT3R er det utarbeidd ein arbeidsinstruks for mentorar i ENT3R som vedlegg til arbeidskontrakten. Signert kopi av instruksen blir levert til leiaren før oppstarten. Arbeidsinstruksen omhandlar formelle forhold rundt fråvær og leiaren/leiargruppa og mentorane sitt ansvar. Det er viktig at mentorane set seg inn i arbeidsinstruksen.

 

Kva skal timen bestå av?
Det fremste målet til ENT3R er å motivere elevane innan realfag. Mentor og elevar bidreg saman om opplegget for timen, og mentoren skal førebu seg til kvar matematikktrening. Det er lagt ut tips til gjennomføring av timen og materiell på nettsida til ENT3R. Nokre ENT3R-prosjekt har eigne nettsider som også har publisert nyttige opplegg for ein matematikktreningstime. Mentorane blir oppfordra til å samarbeide om å utarbeide opplegg, og til å sende inn opplegget til leiaren, slik at opplegga kan bli distribuert blant mentorane.

I periodar kan det vera eit ønske hos elevane om å fokusere på utvalde emne i forhold til heildagsprøvar og eksamen, og elevane sine ønske bør bli respektert. Uansett er det viktig at mentor og elevar har god dialog, slik at ein kan prøve å kartlegge og kome alle behov og ønske i møte.

Mentorane skal kvar veke sette av ca. 20 minutt til eit opplegg der mentoren legg fram stoff som er utanfor pensum, eller presenterer pensum på ein alternativ måte i forhold til korleis det blir gjort på skulen. Dette for at elevane skal bli inspirert til å lære nye ting, og for at elevane skal sjå at realfag er mykje meir enn det norske læreplanar inneheld. Ein krev av mentoren at to gjennomførte opplegg blir levert inn skriftleg til leiaren i slutten av semesteret.

Sjølv om det er matematikk som er fokuset i ENT3R, skal ein stimulere til auka interesse for realfag generelt. Om det er nokon andre tema frå realfaga si verd som mentoren har spesiell kunnskap om, og ønsker å presentere til elevane, er dette positivt for ENT3R.

Ansvar overfor elevane
Mentorane skal søke å vera gode førebilete for elevane, og følge opp elevane frå veke til veke gjennom matematikktreninga. Det er likevel ikkje ønskeleg at kontakten mellom elevar og mentorar skal bli for personleg, og mentorane skal derfor ikkje ha kontakt med elevane sine på MSN/Facebook etc.

Tilbakemeldingar
ENT3R er avhengig av å få tilbakemeldingar frå mentorar, leiargruppa og elevar for at prosjektet skal kunne utvikle seg på best mogleg måte. Vi ønsker derfor alle tilbakemeldingar og innspel velkomne, og leiaren/leiargruppa skal ta alle innspel seriøst. Mentorane skal vera pådrivarar for at flest mogleg av elevane gjennomfører evalueringsundersøkinga.

Dersom ein tilsett kjenner seg urettferdig behandla, er misnøgd med ei avgjerd frå leiaren/leiargruppa, eller møter andre problem, ønsker vi at mentorane vender seg til leiaren, eventuelt nestleiaren dersom det kjennest ukomfortabelt å snakke med leiaren.

Fråvær
Alle mentorar pliktar å førebu seg til og møte opp på alle gruppetimar. ENT3R baserer seg på matematikktrening, elevkveldar og eit mentorkurs i forkant av arbeidsperioden. Desse tre delane er bidrag for å nå målet vårt om å best mogleg inspirere ungdom til å velje realfag.

Som mentor er sjukdom den einaste forma for løna gyldig fråvær. Fråværet melder ein til ansvarleg (gruppeansvarleg) så fort som mogleg. Leiaren/leiargruppa er ansvarleg for å skaffe vikar til den tilsette. Eigenmeldingsskjema fyller ein ut og leverer til leiaren når mentoren er tilbake (første dag etter sjukdom).

Dersom ein av annan grunn enn sjukdom er forhindra frå å møte på gruppetimen eller kurskveld (eller må gå tidleg), skal fråværet avtalast i forkant med leiar eller gruppeansvarleg. Dette blir rekna som ulønt fråvær. Vi ønsker så langt det let seg gjera at mentorane byter innbyrdes i slike tilfelle, men krev at det blir gitt beskjed til leiar og ev. mentoren ein deler timen med. Om ein ikkje får bytt timen, og må ha vikar, vil den enkelte ikkje kunne ta imot løn for den timen.

Elevkveldar gir ikkje rett til løn, men vi ønsker at mentorane så langt det let seg gjera prioriterer å stille opp som ein del av engasjementet i prosjektet. Mentoren pliktar å gi beskjed til elevane sine og leiar dersom dei ikkje har moglegheit til å delta.