Delta på ENT3R?

Som elev i ENT3R får du moglegheit til å delta på realfagstrening saman med studentar frå universitet og høgskular.

Har du lyst til å lære meir om matematikk? Eller fysikk? Gjennom ENT3R får du møte studentar som studerer realfag og som kan lære bort realfag på en annleis måte enn vanleg undervisning. I ENT3R-timane er det gjerne litt undervisning først, med oppgåver eller konkurransar og etterpå kan elevane få hjelp til lekser eller få nye oppgåver å bryne seg på.

I tillegg fortel ENT3R-mentorane om sin studiekvardag og om korleis dei brukar realfaga i utdanninga si, slik at elevane blir betre kjent med ulike utdanningsval og studiestader.

Sjå kva for skular som tilbyr ENT3R og finn kontaktpersonar her

Del dette: