Verdien av ENT3R

ENT3R er eit rekrutteringstiltak for å få fleire elevar til å velje realfag. Gjennom ENT3R skal ungdom få eit meir positivt forhold til realfag og bli motiverte til vidare studiar innan realfag.

Studentar lærer elevar

ENT3R er eit studentdrive motivasjonsprogram der studentar frå realfaglege studiar er mentorar som gir realfagstrening og fungerer som rollemodellar for elevar frå 10. klasse på ungdomstrinnet og 1. og 2. klasse på vidaregåande skule.

Intensjonen er at studentar frå universitet og høgskular skal møte elevane kvar veke for å løyse realfaglege oppgåver. Tilbodet er eit nasjonalt tilbod som er gratis for elevane.

Ein arena for elevar, studentar og næringsliv

Kvart semester vert det arrangert elevkveldar med presentasjonar frå personar med yrke innan realfag. Dei fortel om si utdanning og om korleis dei brukar realfaga i jobben sin – og dei presenterer si bedrift som arbeidsstad og lokal verksemd. På denne måten er ENT3R ein felles arena for ungdom, studentar og næringsliv.

Auka meistring i realfag

ENT3R skal gi ungdom auka meistringsfølelse i realfag, samtidig som ENT3R skal auke motivasjon for realfag og vise moglegheitene som ei utdanning innan realfag gir. Tiltaket har som mål å redusere fråfallet i vidaregåande opplæring, og sikre tilgang av kvalifiserte søkjarar til høgare utdanning.

Del dette: