ENT3R

Realfagstrening for elevar på ungdomsskule og vidaregåande skule

Gjennom ENT3R tilbyr universitet og høgskular undervisning og trening i realfag for elevar i 10.klasse og vidaregåande skule. ENT3R er ein ettermiddagsaktivitet som er gratis for elevar å delta på, og som skal inspirere til innsats og vidare utdanning innan realfag. ENT3R-timane inneheld både felles undervisning og individuell hjelp til lekser eller andre oppgåver i realfag. På kvar enkel studiestad er det studentar med gode realfagskunnskapar som har ansvar for opplegget.

Studentane etablerer grupper som inviterast til faste samlingar gjennom semesteret. Tilbakemeldingane er svært gode, både med tanke på betre karakterar og auka meistringsfølelse.

Les meir om ENT3R: www.ent3r.no

 

Del dette: