Versjon 2

Auka realfagskapital for gode, kunnskapsbaserte utdanningsval


Forsking viser at tidleg innsats og god realfagskapital er viktige aspekt i arbeidet med å få fleire unge til å velje realfaglege utdanningar og yrke. I Nasjonalt senter for realfagsrekruttering har vi gjennom lengre tid arbeidd med desse problemstillingane, og vi har gode tiltak som støtter forskarane sine anbefalingar.

Hausten 2015 la regjeringa fram ein ny nasjonal strategi for realfag, og tidleg innsats vart i den samanheng vektlagt som avgjerande. Halvveges inne i strategiperioden viser nyare forsking at denne tenkjemåten er riktig – og viktig – for å sikre ein god tilførsel av unge som vel realfaglege utdanningar og yrke.

I London har ei gruppe forskarar ved King’s College via Aspires-studien følgt fleire tusen ungdommar i alderen 10 – 16 år gjennom eit femårsløp. Målet har vore å finne ut meir om korleis realfagsinteresse hos unge utviklar seg i åra der du går frå barn til ungdom, og kva slags faktorar som påverkar denne utviklinga. Og funna er like klokkeklare som dei er alarmerande. Resultata viser at 3 av 4 elevar synest at realfagsundervisninga på skulen er både interessant, viktig og spennande. Likevel er det berre 1 av 7 som kan sjå for seg å arbeide med eit realfagleg yrke seinare i livet. Dei fleste liker altså realfagstimane på skulen, men nesten ingen ser for seg realfag som ein del av yrkeskarrieren. Kvifor er det slik?

For å forklare dette paradokset, etablerer forskarane fra King’s College omgrepet «realfagskapital» («science capital»). Realfagskapital inneber ei vidareutvikling av sosiologen Bourdieus omgrep rundt sosial og kulturell kapital – der han legg vekt på mennesket sine sosiale disposisjonar, såkalla anlegg vi får gjennom det sosiale miljøet vi veks opp i. Vi utvidar no ved også å snakke om realfaglege disposisjonar. Desse disposisjonane får vi gjennom familie, venner, nettverk, kva slags realfaglege opplevingar vi har på fritida samt kva for ein realfagskultur som er rådande i samfunnet rundt oss. Samla gir dette kvar enkelt av oss ein realfagskapital som er høg eller lav, alt ettersom.

Realfagskapitalen avgjer kor sannsynlig det er at dei unge kan sjå for seg å velje eit realfagleg yrke. Aspires-studien viser at halvparten av dei med høg realfagskapital kan sjå for seg ein realfagskarriere, mens dei med lågare realfagskapital knapt vurderer moglegheita i det heile tatt. Forskarane har sett nærmare på kvifor det er slik, og dei har kome fram til at foreldre og gode rollemodellar er ein svært viktig faktor for å byggje god realfagskapital. Studien fortel oss at elevane manglar kunnskap om kva dei kan bli med realfag, den påpeiker at den enkelte sin families samla realfagskapital er avgjerande for om eleven vel ei realfagleg utdanning/yrke eller ikkje – og den framhevar at tidleg innsats er viktig.

Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR) har levd tett på denne forskinga i fleire år, og senterets tiltak og prosjekt reflekterer anbefalingane frå Aspires-undersøkinga. Aspires anbefaler å vise fram realfagas relevans i skulen, mellom anna ved å trekkje realfags-forbilde inn i skulekvardagen. NSR var her tidleg ute med å opprette rollemodell.no, der nær 1000 frivillige med realfaglege utdanningar og yrke stiller seg til disposisjon for ungdomsskular og vidaregåande skular. Rollemodellane si oppgåve er å gi elevane eit innblikk i eigen jobbkvardag, og fortelje meir om kvifor realfag er viktig.  I ordninga ENT3R.no gjer senteret noko av det same, ved at realfaglege mentorar/studentar frå landets universitet og høgskular tilbyr leksehjelp til aldersgruppa 13-18 år. Føremålet med ENT3R er å gi unge meistringsfølelse og sjølvtillit i realfag, og å styrke elevane sin motivasjon.

NSR har ved hjelp av ulike tiltak samt ved nettsida velgriktig.no gjort mykje for å nå elevane i skulekvardagen, og det skal vi halde fram med. For å styrke realfagskapitalen hos dei unge, vil vi framover i større grad også søkje å nå foreldre-gruppa. Eigne informasjonshefte for foreldre er på trappene, i tråd med forskinga sine anbefalingar om å styrke realfagskapitalen på familienivå.

I tida framover ønskjer Nasjonalt senter for realfagsrekruttering dessutan å styrke banda vi har til universitets- og høgskulesektoren, og dykk vil derfor med jamne mellomrom framover ta imot nyhetsbrev frå oss. Vi ser fram til auka erfaringsutveksling med dykk alle, og står til dykkar teneste .

Ta gjerne kontakt med oss via kontakt@realfagsrekruttering.no eller ring oss for ein uformell prat rundt rekrutterings-problematikken.

Mvh, Morten Sørlie
Konstituert leder, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering

Del dette:



: 3. november 2017