hilde_liggende

Eit framtidsretta studieråd

Påskeaften går fristen ut for å søke seg til høyere utdanning og elevene oversvømmes av råd fra karriereveiledere og rekrutteringseksperter. Mange av rådene er stereotypiske og passer kanskje ikke for alle. For utdanningsvalg handler ikke bare om å velge et yrke man trives med. Det handler også om å velge hvilke samfunnsutfordringer man vil løse.


I framtida vil ny teknologi reise mange komplekse spørsmål: Kva skal den sjølvkøyrande bilen programmerast til å gjere når den kan velje mellom å køyre ned ein syklist eller ein anna bil? Vil innføring av velferdsteknologi føre til at personvernet krenkast? Og korleis skal vi løyse klimautfordringane og samstundes løfte millionar av menneske ut av fattigdom? Desse spørsmåla skal framtidas arbeidstakarar svare på.

Gamaldagse råd

Mens ein i gamledagar valte kva ein skulle bli og kva slags yrke ein skulle ha, må elevane i dag tenkje på kva slags samfunnsutfordringar dei vil løyse og kva slags kompetanse dei treng i framtida. For det er ikkje sikkert at yrket dei vel vil bestå når automatisering og digitalisering for alvor inntar arbeidslivet. Da er det ikkje særleg klokt å følgje studievegleiarane sine tradisjonelle råd om å velje studium basert på kva fag ein liker. Eller å velje bort realfagskompetanse berre fordi mattetimane er kjedelege. Ein må søkje seg til det studiet som gir den kompetansen ein treng for å løyse dei samfunnsutfordringane ein har lyst til å jobbe med.

Kompetanse for framtida

Vi står midt oppi ein teknologisk revolusjon, og det er vanskeleg å spå framtida. Vi veit at kvardagen blir meir automatisert, at mange av dagens yrker vil bli utkonkurrert av robotar, og at realfag vil vere eit viktig verktøy – uansett kva slags samfunnsutfordringar ein vil løyse i framtida.

Mange trur at realfag berre er for elevar med høgt karaktersnitt og eit ønske om å jobbe med tall. Men realfag er for alle. Realfag er mykje meir enn mattebøker med lange reknestykke. Ein må vere kreativ for å utvikle ny teknologi som både er elegant og funksjonell. For å løyse klimagåta må ein vere nyskapande og pedagogisk. Ein må ta stilling til etiske spørsmål når ein sprenger teknologiske grenser. Realfag er å utvikle teknologi som kan gi betre livskvalitet og helse til befolkninga. Realfag er å teikne framtidas bustadblokker. Realfag er å bruke bioteknologi til å produsere mat til verdas fattige. Realfag er å utvikle ny teknologi som kan bremse klimaendringane. Realfag er å designe nye telefonar eller klokker som gjer kvardagen vår enklare. Realfag er avgjerande for å løyse framtidas samfunnsutfordringar.

Vi veit ikkje kva framtidas jobbar vil vere. Men vi veit at realfag alltid vil vere eit verktøy ein kan bruke for å få ein sikker jobb i framtida.

Del dette:



: 11. april 2017